Vil ha naustområde på Moltustranda

Fleire nausttomter vil gjere det meir attraktivt for folk å busette seg på Moltustranda.

Moltustranda: Har potensial for vidare utvikling med nye bustadfelt og fleire nausttomter. 

Nyhende

Det meiner Jan Truelsen, som i eit innspel til kommuneplanarbeidet foreslår ny planstatus for eit område aust for den eksisterande småbåthamna. Området, som i eksisterande plan er definert som LNF-område ønskjer Truelsen retta opp til naustføremål.