Herøy:

Til saman fire nye smitta onsdag

Onsdag ettermiddag melder Herøy kommune om at to nye personar har testa positivt for Covid-19 etter sjølvtesting. Til saman har fire personar testa positivt i Herøy onsdag.

Covid-19  Foto: Illustrasjon

Nyhende

I løpet av onsdag har til saman fire personar testa positivt for Covid-19 ved sjølvtesting i Herøy. Det melder Herøy kommune onsdag kveld.

Til saman er no 20 personar stadfesta smitta i utbrotet som starta 15.-16. november. Alle er knytt til dette utbrotet.

Kommunen melder at det framleis føregår smittesporing og omfattande testing for å avdekke og avgrense den vidare smitten.

Det er venta nye positive testar dei komande dagane, opplyser kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Knytt til skule og helseteneste

Tidlegare onsdag melde kommunen at ein av dei smitta er tilsett ved Herøy vidaregåande skule. Personen testa positivt onsdag morgon.

Skulen har sett i verk kartlegging av nærkontaktar og førebyggande tiltak i samsvar med regelverket.

Vidare har éin tilsett i sektor for helse og omsorg testa positivt for covid-19 i dag, også ved sjølvtest. Alle nærkontaktar er kartlagde og informerte, og testing og førebyggjande tiltak er sett i verk, skriv kommunen.


Seks nye smitta tysdag

Tysdag kveld melder Herøy kommune om seks nye stadfesta positive testar for Covid-19. Til saman er det påvist i alt 17 positive testar i Herøy som har direkte samanheng med utbrotet som starta 15.-16. november.


Har vore innom Herøy legesenter

Ein person som i dag har fått positiv sjølvtest var innom Herøy legesenter i tidsromet kl. 14.00 – 15.00, tysdag 23. november. Vi ber personar som var ved legesenteret samstundes om å vere merksame på eventuelle symptom og då ta kontakt med testteamet for å få utført test.


Ber folk som var på bedehus og legesenter om å teste seg

Herøy kommune melder måndag ettermiddag om fleire koronasmitta.


Kommunen melder at også dei nye stadfesta smittetilfella i dag kan førast attende til utbrotet som starta 15. og 16. november i Herøy.

Det vert utført fortløpande testing kvar dag utover i veka. Vi kjem med meir informasjon når testsvar ligg føre ved laboratoriet i kveld.