Havila Kystruten må utsette første tur igjen: – Vi beklagar og er lei oss

Første rundreise for nye Havila Capella, som i dag legg til ved Bergen hamn, må utsettast til 12. desember. Havila Castor er også forseinka frå verftet.

Havila Capella: Havila Kystruten må utsette   Foto: Havila kystruten

Nyhende

Det skriv Havila Kystruten i ei pressemelding onsdag. Den fyrste turen for Havila Capella var eigentleg planlagt til 1. desember, men forsinka avgang frå verftet i Tyrkia, tøffe vêrforhold på seglasen heim og ei ekstra bunkring undervegs til Noreg har gjort at det blir for lite tid til å gjere skip og mannskap klar til oppsett dato, skriv selskapet.