Turn-jenter frå Herøy plukka ut til Norgesfinalen:

– Kjempegøy og litt skummelt

Nokre av fylket sine beste turnarar er frå Herøy og Ulstein. Laurdag konkurrerte dei i Oslo. Ei av dei var 16 år gamle Elina frå Moltustranda.

Pluk­ka ut til Norgesfinalen: Frå venst­re: Per­nil­le Ei­ken Fos­se (17) frå Ul­stein­vik, Sel­ma Tar­berg (14) frå Mol­tu­stran­da, Aina Gar­nes (15) frå Gar­nes og Eli­na Tar­berg (16) frå Mol­tu­stran­da, alle i Hødd Turn.  Foto: Privat

Nyhende

30. og 31. oktober i år reiste Hødd Turn sine konkurrerande gymnastar til Molde i håp om å kvalifisere seg til fylkeskretslaget. Fire av dei klarte det. Dermed utgjer dei så mykje som ein fjerdedel av Møre og Romsdal sine representantar i Norgesfinalen i helga.

– Det var gøy å bli plukka ut, synest Elina Tarberg (16) frå Moltustranda, som konkurrerte i klasse 2 for 15- og 16-åringar.

I tillegg til henne, reiste Selma Tarberg (14) frå Moltustranda, Aina Garnes (15) frå Garnes og Pernille Eiken Fosse (17) få Ulsteinvik. Sistnemnde, som konkurrerte i klasse 3, tok endåtil tok gull med heim! Dei andre hamna litt lenger ned på resultatlista, men er glade likevel.

– Det var kjempegøy å vere med, men litt skummelt også. Noregsfinalen er noko heilt anna enn dei vanlege «småkonkurransane». Vanlegvis er der berre éin eller to dommarar, men no var der tre, og fleire av dei var NM-dommarar. Dei var mykje strengare i karaktersettinga, fortel Elina.

Eli­na Tar­berg: 16-år­in­gen frå Mol­tu­stran­da tre­nar i ti­me­vis kvar veke. Det var stas å del­ta i No­regs­fi­na­len sy­nest ho. Må­let nes­te år er NM.   Foto: Privat

Trener 15 timar i veka

Sjølv var Elina relativt gammal då ho starta med turn.

– Eg har hatt lyst til å gå på turn sidan eg gjekk i 1. klasse, men det var så mykje styr å skulle køyre til Ulsteinvik kvar dag. Til slutt fekk eg overtydd mamma, ler ho.

Då var ho 11 år gammal. Men sjølv om Elina berre har drive med turn i fem år, har ho rukke å bli god. Det er kanskje ikkje så rart; ho trenar no trass alt fem dagar i veka.

– Eg har fri på fredagar og søndagar. Elles trenar eg tre timar kvar dag, fortel Elina.

Ho går VG1 Elektro på Ulstein vgs. Når skuledagen er over, vanlegvis kl. 15.15, rekk ho berre ein rask tur heimom for å skifte og ete, før ho reiser tilbake til Ulstein for å trene.

Dei utvalde: Møre og Roms­dal Krets­lag un­der Norgesfinalen i hel­ga. Tur­na­ra­ne er frå Åle­sund, Tom­re­fjord, Har­eid, Hødd og Kris­ti­an­sund.  Foto: Molde Turnforening

Difor elskar ho turn

Du skal vere temmeleg glad i ein sport for å bruke så mykje tid på han. Kva er det Elina likar så godt med turn, spør vi.

– Eg føler at eg får det til, og i turnhallen kjenner eg på meistring. Og så er det der dei nærmaste vennene mine er. Det gir meg mykje, svarer ho.

Håpar på NM

Neste år fyller Elina 17, som betyr at ho må konkurrere i klasse 3, saman med dei vaksne.

– Eg satsar vidare og håper å kunne delta i NM. Elles er eg litt usikker på kva eg vil i framtida. Turn er ingen enkel sport, men om det kjem nokre moglegheiter, så tek eg dei, avsluttar Elina Tarberg.