Leikanger kyrkje:

Rustar opp uteområde før jubileum

Det har vore mykje aktivitet ved Leikanger kyrkje siste tida. Kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø kan fortelje at det både har kome ny asfalt på parkeringsplassen og ny mur ved gravplassen.

Leikanger kyrkje 

Nyhende

– Den gamle støttemuren har vore svært svekt og det er no sett opp ny maskinlødd natursteinsmur mot aust. Det kjem påstøyp på denne, og så vert det nytt gjerde både mot aust og på sørsida mot parkeringsplassen, fortel kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø.