Moens Mat er 90 år:

Inviterer til jubileumsfest

Dei tilsette tek på seg kvite, gammaldagse «jubileumsfrakkar» og ønsker alle velkomne til ein storstilt kundekveld på Meny Fosnavåg torsdag.

Kla­re for fei­ring: Dag­leg leiar for Meny Fos­na­våg og for Moens mat­hus AS, Jon Ro­bert Moen, og til­sett i bu­tik­ken, Ing­vill Moen Spors­heim, gler seg til kun­de­kveld først­ko­man­de tors­dag.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

I 2016 fekk dagleg leiar for Moens mathus AS og Meny Fosnavåg, Jon Robert Moen, lære alle dei hemmelege oppskriftene som far hans, Ronald Moen, komponerte eller vidareutvikla på 60-talet. Ronald hadde teke over familieforretninga etter sin eigen sin far, Sigurd Moen, som starta «Fosnavåg Kjøtt og Pølseforretning» i 1931. I mange år heldt dei til i Vågsgata, der Ah SPORT Lounge held til i dag. Butikken var i overetasjen, medan verkstaden låg i kjellaren.