– Symbolsk for det grøne skiftet

Hav Group har vore tungt involvert i det nye, topp moderne havvindskipet til Rem Offshore. Hav Design har stått for designen for det som blir den tiande havvindbåten for konsernet, og andre HAV-selskap har levert utstyr.

Stolte i Hav Design: Desse fire har jobba tett på prosessen med nye Rem Energy. Dei er stolte over resultatet og håper Rem Offshore er det same. F.v.: Lars Conradi Andersen, Arve Helsem Leine, Petter Frøystad (teknisk sjef) og Kristian Steinsvik. 

Nyhende

– Det var mykje att og fram med denne båten. Opphavleg var han meint å vere siste skrik innan PSV-segmentet. På grunn av offshorekrisa blei båten derimot aldri fullført som det, forklarar salsdirektør i HAV Design, Lars Conradi Andersen.