Ventar på avklaring om fiskerihamnene

Kystverket: Illustrasjon  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Usikkerheit rundt regjeringa si regionreform og overføring av staten sitt ansvar for fiskerihamnene frå Kystverket til fylkeskommunane, har gjort at fleire saker ligg på vent i Kystverket. Mellom desse er ei avklaring om festetomt på Kvalsund fiskerihamn. Kystverket beklagar den lange saksbehandlingstida, og ventar ei avklaring i løpet av 2021.