Ber folk som var på bedehus og legesenter om å teste seg

Herøy kommune melder måndag ettermiddag om fleire koronasmitta.

Smitte ute og går: Bjørn Martin Aasen informerer om bestemte stadar og tidspunkt som folk bør merke seg.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det er i dag påvist ytterlegare fem positive hurtigtestar for covid-19 i Herøy, opplyste kommunen på sine Facebook-sider måndag kveld.

Fire av desse knyter seg til religiøse samlingar i Herøy 15. og 16. november. Ved det eine tilfellet har ein ikkje funne nokon smitteveg, informerer kommuneoverlegen.



- Det er avdekt kontaktar direkte inn i ein bustad i bu- og habiliteringsavdelinga. Det er sett i verk ytterlegare testing samt førebyggande tiltak i den aktuelle bustaden. Dei det gjeld er blitt informert frå bustaden, heiter det frå kommunen.

Herøy kommune har også funne ut at det har vore kontakt mellom folk som er smitta, og nokre born. Desse borna har måndag avgitt negativ test. Dei skal testast vidare før dei igjen kjem på skulen eller i barnehagen. Kommunen legg til at det ikkje er funne nye positive testar ved Myrvåg omsorgssenter.

Var du her då?

Tidlegare måndag gjekk kommunen ut med særskild informasjon til dei som deltok på eit religiøst arrangement i Tjørvåg bedehus torsdag 18. november. På same tid ber ein folk som var innom Herøy legesenter mellom klokka 10.30 og 12.00 fredag 19. november om å ta kontakt med testteamet på telefon 948 13 641. Dette for å få tildelt tid for testing, og for å få nærare rettleiing.

- Smittesporinga har avdekt at fleire av dei som har testa positivt har vore ute i det «offentlege rom» før dei fekk påvist covid-19, opplyser kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.