Leiar:

"Sjustjerna og unnlatingssynda"

Ambulant seksjon i Myrvåg:   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Den statlege ambulante seksjonen i Myrvåg, ein del av tilbodet til Helse Møre og Romsdal, er under press for ei eventuell flytting.Det skjer tre år etter at det velfungerande tilbodet opna. Då planane i juni vart kjende om å flytte seksjonen til Volda, var det ei stor overrasking for folk flest. Vi veit ikkje om helseføretaket hadde tenkt å informere om saka til omverda. Det var tillitsvalde som på eige initiativ stod fram og orienterte.


Slik arbeider ambulant seksjon i Myrvåg

Helseføretaket sin ambulante seksjon i Myrvåg har 30 dedikerte tilsette. Arbeidsmiljøet er godt, og tilbakemeldingane frå pasientane er gode.



Helsedirektør og avdelingssjef svarar om flytteplanane for ambulantseksjonen i Myrvåg og Mork:

Står framleis på sitt, men presiserer: - Tilboda skal ikkje leggast ned

- For oss er det viktig å presisere at det ikkje er snakk om å «legge ned» noko tilbod. Vi skal styrke og satse på våre tilbod, både innan psykiatrien og spesialisert rehabilitering.


No syner det seg, kanskje ikkje så overraskande, at planane er så langt komne og så godt forankra i helseføretaket, at det kan vere vanskeleg å snu. Dette er ein taktikk vi kjenner godt frå andre og liknande sentraliseringsprosessar. Lokale politikarar har vore inne på det. Dag Vaagen (H) og Camilla Storøy (KrF) er to som har markert seg siste månadene. Det har vore tradisjon å stå skulder ved skulder på Søre Sunnmøre, påpeika Vaagen, medan Storøy har uttalt at Volda kommune «ikkje er ein venn å stole på».


Fryktar løpet er køyrt for Myrvåg, og er redde for framtida til Mork

Herøy kommunestyre vil ikkje gi opp kampen om ambulantseksjonen i Myrvåg, sjølv om det no kan sjå ut som at ein styrer mot ei flytting til Volda. Moglege konsekvensar for Mork bekymrar også politikarane.


Volda har nemleg toa sine hender i denne saka. Vi snakkar om ein kommune der det i alle fall ikkje er mangel på statlege institusjonar og arbeidsplassar. Kampen om å bevare Myrvåg-seksjonen hadde vore langt lettare om Volda gjekk til det steget å støtte sine naboar, men i staden har Volda begått ei real unnlatingssynd. Heldigvis kom Ørsta på bana med støtte for Myrvåg, om enn noko seint.


Støttemarkering for ambulant team i Myrvåg torsdag:

- Alt håp er ikkje ute!

Torsdag kveld arrangerte dei fire kommunane på ytre støttemarkering for ambulant team i Myrvåg. - Alt håp er ikkje ute, sa Herøy-ordførar Bjørn Prytz i sin appell, til applaus frå dei nær 100 frammøtte.


Allereie i sommar registrerte vi teikn til resignasjon mellom våre lokale ordførar i kampen for Myrvåg. Det var litt overraskande, ikkje minst med tanke på at desse signala kom på eit tidspunkt då ein burde mobilisere 100 prosent for få det tydeleg byråkrat-styrte helseføretaket til å legge vekk planane om flytting. Spørsmålet er om kommunane våre har blitt for snille når inter- kommunale samarbeid skal fordelast og bevaring av statlege instansar kjem til vurdering. Kan Volda heretter rekne med støtte frå alle i den såkalla Sjustjerna?


Slik vurderer arbeidsgruppa flyttinga av den ambulante seksjonen i Myrvåg

Arbeidsgruppa, som har vurdert fordelane og ulempene med å flytte den ambulante seksjonen i Myrvåg til Volda, er no ferdige med sin rapport.