Sjå vår store bildereportasje frå Sandemessa på Larsnes - ser du nokon du kjenner?

Denne helga gjekk den tradisjonsrike Sandemessa av stabelen. Som alltid baud arrangementet på mykje å sjå, mange å møte og god underhaldning for store og små. Vi oppsumerer den stolte tradisjonen på Landsbyhuset Breidablik med ein stor bildeserie:
Nyhende

Flott pynta som alltid: Dei frivillige bak messa hadde som vanleg pynta med lys og laga det veldig flott til på Landsbyhuset Breidablik.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Resepsjonistane: Andreas Skoge, Isaac Fjørtoft Sandanger og Oskar Rekdal stod i døra for å ønskje folk velkommen inn til årets sandemesse.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Larsnes IL: På stand for det lokale idrettslaget stod Orvar Methli og Torbjørn Rekdal.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Juleverkstad: Fleire nytta høvet til å delta i juleverkstad under Sandemessa.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Handicapforbundet: Lidvar Muren og Alvhild Kvamme Iversen sat på stand for Noregs Handicapforbund. Eit av bodskapa deira var kor viktig det er å tenkte på universell utforming.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ansiktsmåling: Lauritz Rovde var ein av fleire som nytta høvet til å få seg ansiktsmåling.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vorwerk: Jonny Frisvold og Torbjørn Brænden hadde med seg støvsugarar som dei viste fram for alle som kom innom deira stand.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Laga sjølv? Jepp. Tor Henning og Ann Hilde Andersen viste fram det dei hadde av himelaga varer.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Tussaligaen: På posten for Tussaligaen trefte vi desse to karane frå den lokale E-sport-klubben Metizport. F.v Viktor Skarbø og Arjan Sydhagen Dalsøren.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Peparkaketog: Byen har sjølvsagt eige tog.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kreativt: Mumihuset var også å finne i peparkakebyen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Peparkakebyen: Sjå den fine peparkakebyen som barn og frivillige har bygd.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Bilferja Kvam: Justus Berntsen Gjerde sørga for at peparkakelandsyen hadde eige ferjesamband. Bilferja Kvam var naturleg nok inspirasjon.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Tok turen frå Ulsteinvik: Denne trioen, Victoria Løseth Hasfjord, Johannes Kristiansen og Kari-Janne Løseth, hadde med seg eit stort mangfald av Tupperware.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

25 år på Sandemessa: Av alle som hadde stand var nok Odd Birger Jensen, Brito Spekemat, ein av dei som har delteke lengst på messa. Dette er hans 25 år, anslår han.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sparebanken Møre: Lokalbanken ved Aadne Sandanger og Inga Dalen Slettestøl var sjølvsagt på plass.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Jon Hide: Ein av messeveteranane, Jon Hide, hadde tradisjon tru teke med seg heimelaga honning frå Hide.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kontrollerte brannsløkkingsapparat: Myklebust Brannsikring, her representert ved Knut Erik Myklebust, tok på seg å sjekke folk sine brannsløkkingsapparat.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Lokal standup: Oskar Fjørtoft Sandanger kom heile vegen frå Oslo for å underhalde med standup under Sandemessa. Bjørnar Torvholm Sævik 

Larsnesing: Oskar er oppvaksen på Larsnes og kunne derfor vitse med fleire kjende fjes i salen. Det var ei sikker latter-oppskrift.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

God stemning: Fjørtoft Sandanger spelte mykje på lokalsamfunnet i sin humor.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Litt av kvart: Einar og Liv-Reidun Hjelm hadde mykje forskjellg å vise fram på sin stand.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Elias Waaler-Nupen: Nupen gard hadde med seg eit utval av produkt av villsau.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Flink til å sy: Stine og Alma Sætre hadde med seg kle som Stine har sydd.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Godt? Kåre Fjørtoft fekk smake laks ved standen til Gardskjøkkenet. Uttrykket hans talar vel for seg.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Norli Amfi: Theodor, Liv Randi Djupvik Knotten og lokal illustratør Stephen Hogtun stod på stand for Norli Amfi.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Arnhild Vik: Litt av kvart på standen til handtverkar Arnhild Vik.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Brodering: Oddny Lillebø viste at ho kan både brodere, måle og hekling.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Renate Skjortnes: Skjortnes valte Sandemessa då ho skulle stille ut nokre av sine produkt denne helga.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Godt humør: Solveig Hjelmeseth var i godt humør og glad for å vere på messe.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Viktig å vere synlege: Andrè Leikanger og Rune Slettestøl meiner Sandemessa er ein fin arena for å synleggjere verksemda.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Josè van der Heijden-Kamperdijk: Den nederlandsk-norske forfattaren frå Larsnes held på med ein trilogi som alle skal finne vegen til barnerom her til lands og i fødelandet hennar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Else Britt Sæter: Bøker er ikkje alltid like lett å selje på messer fortel Else Britt Sæter, men det er ingen grunn for å ikkje prøve!   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Humborstad kjøtt: Ole Thomas Humborstad var på plass med tradisjonsmat.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

HG Elektro: Desse to, Julie Leikanger og Ole Christian Grønnevik inviterte til gjettekonkurranse på sin stand.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Anne Marta Thorseth: Litt tombola høyrer med. Anne Marta Thorseth stod for det.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

NAF: Ivar Tange representerte NAF.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kjekt med gaming: Arjan Sydhagen Dalsøren dagleg leiar i Metizport, gav tips til barna om korleis ein spelar dataspel.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kosa seg på messe: Emma Sætre Nystøyl og Serine Berntsen Gjerde synest det var kjekt å endeleg få kome på messe igjen.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kva med litt ost? Eusebiu Budau hadde med seg eit breitt utval av forskjellige ostar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Lokalhistorie: Andrea Helen Tødenes og Silje Oksavik promoterte ein ny nettside som skal selje lokalhistoriske bøker frå Sande - ei nettside som Håkon Vestnes står i spissen for.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Creativo og Sunnkost: Geir Knotten promoterte eiga verksemd som har base i Ulsteinvik.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ny bok: Larsnes Sogelag viste fram sine siste bøker og hefte. Her ser vi Dorthe Nordahl, Marte Storegjerde og Hilde Brune Nystøyl. Sande Sogelag hadde også stand.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kråen Gard: Terje og Veronika Grønmyr frå Kråen Gard hadde med seg forskjellige friske produkt frå garden deira i Hallebygda.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Smykke: Laila Morken hadde med seg eit mangfald av ulike smykke for sal.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik