Kven eig desse bilane? Kommunen ber om hjelp

Kommunen er klar over problemet, men har ikkje hatt kapasitet til å løyse alle sakene.

VRAK: Slike vraka bilar finst det mange av rundt om i Fosnavåg, og kommunen ber om hjelp til å finne fram til eigarane. 

Nyhende

Problemet det blir sikta til er dei mange bilvraka som folk har etterlate seg på ulike plassar rundt om i Fosnavåg. Dette problemet er det fleire som over tid har påpeika overfor kommunen, med krav om at kommunen må gjere ein innsats overfor eigarane for å få fjerna dei skjemmande bilvraka.