I tretti år har larsnesingen Øystein Ekroll arbeidd som forskar ved Nidarosdomen:

Det heile starta på Herøy gard

I tretti år har larsnesingen Øystein Ekroll arbeidd som forskar ved Nidarosdomen i Trondheim. Han er spesialist på bygningsarkeologi.

PÅ HERØY: Erik Venja og Øystein Ekroll. Biletet er teke i samband med den arkeologiske utgravinga på Herøy sommaren 1974. Same året selde Erik Venja Herøy gard til Herøy kommune.   Foto: Harald Thorseth

– Eg er sikker på at det i framtida kjem til å skje mykje spennande på Herøy gard. Nye metodar, spesielt innanfor marinarkeologi, vil avdekkje mykje av historia til øya.

Nyhende

Sommaren 1974 vart det sett i gang ei arkeologisk utgraving på Herøy for å finne grunnmurane til mellomalderkyrkja, som vart bygd på 1100-talet og riven i 1859.