FRAM varslar om trafikksikker løysing: – Gå inn nokre minutt før

FRAM-ansvarlege i samferdselsavdelinga har løysinga klar for dei som fryktar for trafikksikkerheita i Hallekrysset ved Larsnes.

Halleskiftet: – Det går an gå inn til krysset og om bord i bussen som køyrer forbi dette krysset nokre minuttar tidlegare, påpeikar Svein Ivar Aarskog i fylkeskommunen. 

Nyhende

– Vi har i dag varsla skulen om at elevar som ynskjer det, kan gå inn i bussen når han kjem i sørgåande retning. Bussen tek berre ein stikkar ned til ferjekaia og snur, før han fer opp igjen i retning mot Hallekrysset og Gursken.