«Rem Energy» vart døypt i Fosnavåg: - Det er ein stor dag for Rem Offshore

Birthe Marie Remøy (15) fekk laurdag æra av å vere gudmor då Rem Energy», Rem Offshore sitt nye, toppmoderne havvindfartøy, vart døypt. Dei frammøtte på Mjølstadneset slepte jubelen laus då sjampanjeflaska small i skroget.
Nyhende

– Det er veldig kjekt å få lov til å døype Rem Energy. Eg synest båten har blitt veldig fin og sidan det er fyrste båtdåpen for Rem Offshore på mange år trur eg det også betyr mykje for reiarlaget.