Inntektene gjekk tilbake for Havila Shipping i tredje kvartal

Kvartalsrekneskapen til Havila syner at inntektene går tilbake i tredje kvartal. Kvartalsresultatet er elles prega av ned- og avskrivingar.

NJÅL SÆVIK: Administrerande direktør i Havila Shipping.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Havila Shipping fekk i tredje kvartal eit resultat før skatt på minus 58,0 millionar kroner, mot eit overskot på 16,9 millionar i same periode i fjor. Det viser reiarlaget sin rapport for 3. kvartal fredag.