Havila Kystruten lanserer sitt matkonsept

Hotelldirektør Camilla Løvlien og OL-meister i kokkekunst og coach for Noreg sitt lag i Bocuse d’Or, Gunnar Hvarnes, sjøset no Havila Kystruten sitt matkonsept der dei har delt opp kysten i fire strekningar med ny meny kvar tredje dag.

Executive Head Chef, Andre Karoliussen og OL-meister i kokkekunst, Gunnar Hvarnes sier maten skal bli minst halvparten av grunnen til å reise med Havila Kystruten.  Foto: Tom Haga/Havila Kystruten

Nyhende

– På denne måten løfter vi fram alle dei gode råvarene i vårt langstrekte land samtidig som vi gir dei som reiser med oss stor bredde og valfridom. Du skal både kunne ete noko nytt og ete godt kvar einaste dag, seier Løvlien og Hvarnes i ei pressemelding.