Herøy politikarane vil skrinlegge eigedomsskatten, men då må dei finne sparetiltak som monnar er tilbakemeldinga frå administrativt hald:

Økonomileiaren: – Eit fantasiopplegg

Eigedomsskatt er ein salderingspost som Herøy politikarane ikkje ønskjer å ta i bruk i inneverande budsjett og økonomiplanperiode. I fyrste omgang går dette ut over fagdagane til pleie og omsorgssektoren, men også Tussa der Herøy politikarane vil kjempe for meir utbytte.

Formannskapet i Herøy: Dei ulike partia sine framlegg til budsjett og økonomiplan er førebels ikkje klare. Politikarane i Herøy sender derfor ut kommunedirektøren sitt budsjettframlegg på offentleg ettersyn, men varslar likevel at eigedomsskatten skal ut og at ein vil kutte i drifta i åra som kjem – utan å vere konkrete om kva. 

Nyhende

Herøy formannskap samla seg tysdag til ein fem timars budsjettdebatt på rådhuset. På bordet låg eit framlegg til budsjett og ein økonomiplan frå kommunedirektøren.