Rem Offshore inviterer til open båt og dåp: –Stort å døype igjen

Laurdag kan båtinteresserte kome om bord og få oppdatert seg på det nyaste innan teknologi og utstyr for havvind-fartøy.

STORT: – Det blir stort for oss å få døype ein båt igjen etter meir enn seks års byggetørke, og samtidig kunne feire eit lite jubileum for samarbeidet mellom Kleven og Rem, seier Rem-direktør Fredrik Remøy.   Foto: Bjørnar Torvholm Remøy.

Nyhende

Det skjer i samband med at Rem Energy skal døypast ved kai på Mjølstaneset. Etter dåpen inviterer reiarlaget til ope skip, og adm. dir. Fredrik Remøy legg ikkje skjul på at for Rem Offshore blir det kjekt å få vise fram eit nybygg igjen etter ein lang tørkeperiode.