Kommunedirektøren vender tommelen ned for omstridd turvegprosjekt

I Gurskøy idrettslag set dei no sin lit til politikarane etter at kommunedirektøren vender tommelen ned for turvegprosjektet på Leikongsætra.

Leikongsætra: I Gurskøy idrettslag ventar dei no spent på kva politikarane vil seie etter at kommunedirektøren stiller seg på statsforvaltaren og fylkeskommunen si side og frårår bygging av den planlagde turvegen frå parkeringsplassen og opp mot Skaret i bakgrunnen. 

Nyhende

Etter ein lang prosess med høyringar og justeringar, er Gurskøy sin søknad om dispensasjon for å etablere ein turveg på Leikongsætra no klar til politisk sluttbehandling i Herøy kommune. Fyrst ut er maritim og teknisk utval, der saka no blir framlagt på utvalsmøtet neste veke.