Vil bevare fellesområde på Mikkelholmen

Mikkelholmen: Illustrasjon.  Foto: Henrik Mork Vorren

Nyhende

Ein grunneigar busett på Lillehammer har fått nabovarsel om kjøp av eit fellesområde på naust- og rorbuarealet Mikkelholmen på Sandsøya. Vedkomande slår fast at området i dag er maksimalt utnytta, og ikkje toler verken utskiljing eller reduksjon. Eit sal kan utløyse behov for arealtilskot frå andre grunneigarar, åtvarar grunneigaren i eit brev til Sande kommune.