Statsforvaltaren trekkjer motsegn mot Paradisbukta

Nyhende

Statsforvaltaren melder at han har trekt motsegna mot detaljreguleringsplanen for Paradisbukta der kommunen skal bygge nytt industriareal for Mowi. Motsegna var grunngjeven med manglande avklaringar når det galdt støy, men etter å ha fått reviderte plandokument og støyrapport kan Statsforvaltaren seie seg nøgd.