Helsedirektør og avdelingssjef svarar om flytteplanane for ambulantseksjonen i Myrvåg og Mork:

Står framleis på sitt, men presiserer: - Tilboda skal ikkje leggast ned

- For oss er det viktig å presisere at det ikkje er snakk om å «legge ned» noko tilbod. Vi skal styrke og satse på våre tilbod, både innan psykiatrien og spesialisert rehabilitering.

- Vi har forståing for at reisetid for tilsette er noko som blir krevjande og det tek vi på alvor, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyhende

Det seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal. Utspelet kjem i kjølvatnet av at det dei siste månadane har vore mykje misnøye, frå politikarar, tilsette og brukarar, kring tilrådinga om å samlokalisere DPS-tilbodet (distriktspsykiatrisk senter) ved Volda sjukehus. Det inneber mellom anna at den ambulante seksjonen i Myrvåg og dei tilsette der flyttast til Volda.