Herøy-elevar skal delta i nasjonal finale i prestisjetung kokkekonkurranse

Restaurant og matfag-elevane ved Herøy vidaregåande skule briljerte på kjøkkenet då semifinalen i Tine Matcup på Borgund VGS gjekk av stabelen førre veke. No ventar nasjonal finale i den gjeve kokkekonkurransen på nyåret.

Vann: I semifinale på Borgund vidaregåande skule var det Herøy-elevane som vann. F.v: Noah Ovrebro, Torje Torvik og Max Sekouron.   Foto: Ingeborg Lyster

Nyhende

Herøy-laget «Brask og Bram», beståande av Torje Torvik, Max Sekouron og Noah Ovrebo, slo ut sine motstandarar – to lag frå Borgund VGS og to lag frå Rauma VGS – då dei var samla til semifinale 11. november. No skal dei forsvare Møre og Romsdal si ære mot to andre lag i ei storslått finale i Stavanger 4. februar.