UFO-satsinga i Herøy er nominert som årets prosjekt av Ungdom og Fritid:

– Nominasjonen er ein siger

Kvart år kårar landsforeininga for fritidsklubbar og ungdomshus, Ungdom og Fritid, årets prosjekt/arrangement. I år er UFO-satsinga til Herøy Fritidsklubb ein av finalistane til å vinne prisen.

Vellukka prosjekt: Desse tre skal til Hamar for å delta på Ungdom og Fritid sin konferanse. Saman representerer dei UFO-prosjektet til Herøy, som i år er nominert til å bli årets prosjekt. F.v. Mona-Grethe Ryssevik, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr og Arjan Sydhagen Dalsøren.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi synest berre det å vere nominert gjer oss til vinnarar. Vi er veldig stolte av nominasjonen, seier ungdomsrådskoordinator Mona-Grethe Ryssevik saman med ungdomsrådsleiar Arjan Sydhagen Dalsøren og ungdomsrådet sin politiske representant Carl-Henrik Myrseth Moltumyr.

Neste veke reiser trioen til Hamar for å delta på kåringa og dessutan ein konferanse i regi av landsforeininga.

– Det blir ei fin moglegheit for oss til å hente inspirasjon til det vidare arbeidet vi skal drive med, legg dei til.

– Har de klar ein eventuell takketale?

– Ingen av oss har førebudd oss på nokon tale då vi konkurrerer mot store, gode prosjekt, seier Ryssevik.

Men ho legg ikkje skul på at ho sjølv synest at UFO-ordninga fortener heideren om ein skulle vere så heldig å stikke av med prisen.

– Vi er veldig stolte over det vi og kommunen har fått til med ungdomsfritidsordninga. Vi opplever at tilbodet femnar om ei brei målgruppe blant ungdommane, alt ifrå dei som bruker fritidsklubben som ein mellomstad mellom fritidsaktivitetar til dei som ser det som ein god fritidsaktivitet i og for seg sjølv – for dét er det, seier Ryssevik.

Slik grunngjev dei nominasjonen

Ungdom og Fritid har valt ut UFO-prosjektet til finaleheatet i si kåring. Dei grunngjev si tilråding med at Fritidsklubben gjennom pandemien har vore open, med unntak av total nedstigning då nesten heile Noreg var stengt. Ungdomsfritidsordninga er open kvar dag etter skuletid, og i «skuleferiane» har dei arrangert LAN, e-sport og ulike idrettsaktivitetar.

UFO er eit resultat av UNG-data-rapporten som viste at Herøy kom dårleg ut når det gjaldt møteplassar, trivsel, skulking, depresjon og einsemd. Etter å ha diskutert dette, ønskte ungdomane som jobbar på klubben å opne opp nokre timar kvar dag etter skuletid. Ungdommane som ønskte seg fleire møteplassar tok det opp med ungdomsrådet og fekk laga ei sak til politisk handsaming. UFO blei samrøystes vedtatt i kommunestyret og 570.000 blir årleg gitt til prosjektet.

– Her blei ungdomane sine ønske tatt på alvor og dei fekk ønsket om meir fritidsklubb oppfylt, heiter det i tilrådinga.

Tilbakemeldingane har vore svært gode og klubben er godt besøkt.