Lesarinnlegg frå Per Kristian Furø:

Politikk, med meir

Per Kristian Furø: - Mobbing av politikarar er i fokus for tida, og det må vere lov å stille spørsmål om ikkje «kampanjen» i lesarinnlegg posta i Vestlandsnytt den siste tida mot Svein Gjelseth kan karakteriserast dithen.  Foto: Stian Langlo Driveklepp (arkiv)

Nyhende

Mobbing av politikarar er i fokus for tida, og det må vere lov å stille spørsmål om ikkje «kampanjen» i lesarinnlegg posta i Vestlandsnytt den siste tida mot Svein Gjelseth kan karakteriserast dithen.

Både Bjarne Kvalsvik og Eimar Hagen veit, dersom dei vil, at det ikkje er Svein Gjelseth som har signert og sendt inn den gjeldande lista over kommunerepresentantar som kravde å få saka om bygging av nye kaier på Mjølstadneset tatt opp til ny handsaming. Det var det underteikna som gjorde, og så vidt meg bekjent er der ingen av dei som står på lista som har innlevert protest.

Grunnen til at saka vart kravd tatt opp igjen var at fleire av dei som stemte imot gav uttrykk for at dei mangla informasjon om behovet og bruken av kai nr. 2, og denne informasjonen vart gitt i eit påfølgande møte som industriselskapa etablert på Mjølstadneset inviterte til.



I dette informasjonsmøtet vart det gitt opplysningar som klarla behovet, og moglegheiter som ei slik satsing vil gi og gagne både deira bedrifter og Herøy kommune i form av nye arbeidsplassar og framtidige inntekter.

Desse nye opplysningane og potensialet som ligg føre oss med dei nye kaiene gjorde det klart at saka måtte takast opp til ny vurdering. Noko anna ville vere utilgjeveleg.

Ei positiv utvikling av næringslivet i Herøy er grunnlaget for at kommunen skal kunne investere i framtida med tanke på dei pålagde tenestene, som helse og omsorg, oppvekst, serviceyting til innbyggjarane, samt at Herøy kommune skal kunne framstå som ei næringsvennleg vekstkommune. I det siste ligg også eit medansvar på oss alle om å profilere og omtale Herøy kommune på ein positiv måte.


Bygde kaiene på Mjølstadneset i 1997:

No skal dei bygge nyekaiene også

A. Våge AS har signert kontrakt med Herøy kommune om bygging av dei to nye kaiene på Mjølstadneset. Rundt juletider reknar dei med å vere i gang med anleggsarbeidet.


Arbeidarpartiet har både lokalt og sentralt ei målsetjing om å sikre sine arbeidstakarar den stillingsprosenten dei ønsker, samt faste stillingar, og dette er noko som vi har og vil ha fokus på frametter. Dette står også i valprogrammet vårt, som ein lovnad til veljarane våre.

Der er mange utfordringar for Herøy kommune i tida som kjem, men dei skal vi klare dersom vi står samla. Kommunestyret består av ei samling engasjerte og dedikerte politikarar som alle vil kommunen og innbyggjarane sitt beste, og det er eit godt utgangspunkt.

Når vi i tillegg har ein ordførar som i utgangspunktet var «nøytral», og som lyttar til og respekterer alle, så har vi allverdens moglegheiter til å lykkast. Det er opp til oss, og det må vi alle jobbe etter.