Larsnesingane planlegg julepynting i sentrum

Illustrasjonsfoto  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Landsbyrådet på Larsnes søkjer fylkeskommunen om løyve til etablering av julelys og blomsteroppheng på fem lysstolpar i Larsnes sentrum. Det er i området mellom butikkane og Nyglå ein ser føre seg å pynte opp, som eit trivselstiltak. Det vert i søknaden synt til at liknande ordningar tidlegare er etablert i fleire tettstadar. No håper ein tiltaket er på plass til adventstida set inn.