Lokalprodusert film om demens til ettertanke:

– Filmen trefte – midt i!

Tysdag kveld baud på ei kjensleladd oppleving på Fosnavåg kino. Larsnes-baserte Herlig Film og TV inviterte då, saman med regissør Ragnhild Nøst Bergem, til spesialvisning av sin dokumentarfilm om demens; «Vær her». Dette er ein film som verkeleg set spor.

Ragnhild Nøst Bergem og André Folkestad: Tysdag var både regissør Ragnhild Nøst Bergem og produsent André Folkestad på vitjing på Fosnavåg Kino. Dei snakka med publikum før filmen. Dei gav oss eit interessant innblikk i korleis dei har jobba med filmen. No blir «Ver Hær» vist på kinoar over heile landet. Filmen kjem også på TV. 

Med demenspasientar tek ting meir tid og går langsamt – ein kontrast til ein elles stressande kvardag for oss.

Anett Vågeskar
Nyhende

Det var sett opp to framsyningar – begge med tankevekkande innleiingar frå regissør Ragnhild Nøst Bergem. Den fyrste visninga var lukka og meint for «Pårørandeskulen» i Herøy. Her deltok pårørande og helsepersonell. Den andre var open for allmugen.