Manglande aviser på Nerlandsøya

Fredagens papiravis mangla i fleire postkasser på Nerlandsøya.

Distribusjonsfeil: Vestlandsnytt mangla i fleire postkasser på Nerlandsøya fredag. Det var attpåtil fulldistribusjon denne dagen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Vestlandsnytt kontakta vår distributør fredag, og dei kan opplyse at det dessverre mangla aviser i mange postkasser på Nerlandsøya. Av ein eller annan grunn vart det for få aviser då budet kom til øya.

Det vert opplyst at dei abonnentane som ikkje fekk avis fredag, i staden skal få avis laurdag morgon.

Vi kryssar fingrane og håpar lovnaden held seg oppe, og vi beklagar dei ulempene dette påførte våre abonnentar!