Jenny skal spele NM-semifinale for Lyn

Gjerdsvikar Jenny Gjerde Sætre melde tidlegare i haust overgang frå Hødd til Lyn. No ventar ei spennande oppgåve.

Jenny Gjerde Sætre: 19-åringen frå Gjerdsvika si neste, større oppgåve vert å spele NM-semifinale mot Klepp i NM.  Foto: Hødd Fotball

Nyhende

Laurdag 30. oktober skal ho nemleg i aksjon for Lyn sitt J-19-lag når dei møter Klepp i semifinale i cupen. Kampen går på Kringsjå kunstgrasbane.