Sande-utbrotet passerte hundre smittetilfelle

Dei fleste er friskmelde, men i helga passerte det store utbrotet i Sande hundre covid-smitta.

Hammer: – Det er gledeleg at ingen så langt vi veit har blitt alvorleg sjuke. 

Nyhende

– Det er kanskje feil å halde fram med å telje alle frå eit utbrot som starta for fleire veker sidan, men søndag var det registrert 101 stadfesta koronasmitta i Sande. Dei fleste skriv seg frå Myklebust Verft og tilsette i leigefirma, men nokre få smittetilfelle har også kome andre stadar ifrå, sa kommunedirektør Anders Hammer måndag.