Her kan det hende hus må rivast:

Vil ha trafikkanalyse ved Huldalskrysset

Ein trafikkanalyse bør gjennomførast før val av kryssløysing mellom Igesundvegen og Huldalsvegen i Fosnavåg blir gjort.

Huldalskryss: Kommunen har sagt at huset t.h. ikkje skal rivast. Dermed er T-kryssløysing truleg uaktuelt i Huldalen. 

Nyhende

Det meiner seksjonsleiar John Hauger i fylkeskommunen si plan- og trafikkavdeling som igjen har sett på dei ulike forslaga til kryssløysing i Huldalen. Allereie no slår Hauger fast at to av dei fire aktuelle kryssalternativa ikkje kan godtakast.