Sandeordføraren svara om trafikktrygging i Haugsbygda

Ordførar Olav Myklebust seier at innspel om vegstandard og fartsgrenseendring i Haugsbygda vil kome på sakskartet til Sande-politikarane.

Olav Myklebust: Sandeordføraren kunne fortelje kommunestyret korleis ein ser føre seg å sjå på trafikktryggleiken i Haugsbygda.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det er Haugsbygda bygdeutvikling som i brev til kommunen uttrykker bekymring for den forringande vegstandaren i bygda. Dei meiner vegutbetringar må kome på agendaen fortløpande. Grendelaget etterlyser elles ei redusering av fartsgrensa for å trygge trafikkbiletet i ei bygd med eit aukande tal barnefamiliar.