Aukande interesse for tennis, men dei har eit mørkt problem

Fleire hundre er no medlemmar av Facebook-gruppa Herøy Tennisklubb, og aktiviteten på bana ved Herøy kulturhus er stor. Men no kjem haustmørket, og det byr på utfordringar.

Ten­nis­en­tu­si­as­tar: Den­ne gjen­gen er ein del av ei sta­dig vek­san­de grup­pe ten­nis­spe­la­rar i Her­øy. Vi ser f.v.: Alexander Tei­ge, Remigijus Stanciukas, Rai­mon­das Krisiunas, Frank Otto Frøy­stad­våg, Emil Kop­per­stad (upar­tisk dom­mar) og Frank Sver­re Skor­pen. Her er dei på bana ved Her­øy kul­tur­hus, der det er no­kre lys­stol­par, men dei fles­te er øy­de­lag­de og ute av drift, og dess­utan gjev des­se lysa for lite lys.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Ein kan spele her heile året, men berre så lenge det er lyst ute. I november og desember blir det mørkt klokka 16, og når folk ikkje er ferdig på jobb før klokka fire, blir det heilt umogleg å spele tennis, seier Remigijus Stanciukas.