Ho har skrive "gladbok" om kvalsvikar Arne Eidset

Avdøde kvalsvikar Arne Eidset er nok ein kjent mann for mange i Herøy. Hans søken etter oldefarens endelege kvilestad har blitt ei kjend historie ute i havgapet. No har ho også blitt bok, signert Rigmor Halseth Kvalsvik.

Forfattaren: Rigmor Halseth Kvalsvik og mannen hennar har hus både i Kvalsvika og i Ørsta. I si nye bok heidrar ho sin tidlegare nabo i Kvalsvika, Arne Eidset. Hans søken etter oldefaren sin siste kvilestad har blitt til 50 sider med interessant lesnad – no å få i lokale bokhandlar. Her ser vi Rigmor med det ferdige resultatet. I venstrehanda viser ho fram kjeldemateriale – dagboka til Arne.   Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

– Eg håper folk tek imot boka og gleder seg over alt som er positivt ved ho – for dette er ei gladbok som heidrar ein nevenyttig, lokal mann. Eg føler det trengst i mylderet av negative historier og fæle opplysningar som vi konstant møter i nyheitsbiletet no i desse tider.