Gladmelding til norske loddefiskarar: Opnar igjen etter fire år

Etter fire år med stenging blir Barentshavet opna for loddefiske igjen neste år.

EVENTYRLEG: Dei norske loddefiskarane, her representert med Christian Smådal, Peter Frøystad og Karl Kvalsvik, fekk ein utruleg start på 2021 med eventyrlege prisar på lodde. Denne fangsten til Smaragd hadde ein verdi på over 11 millionar kroner. Foto: Torbjørn Hide. 

Dette er lovande for utviklinga til loddebestanden i eit to-tre-årsperspektiv

Georg Skaret
Nyhende

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at det blir fiska 70.000 tonn barentshavlodde i 2022. Det er godt nytt for loddefiskarane som ikkje har fått sleppe til i desse områda sidan 2018.