TV-aksjonen tilbake til normalen:

Treng 150 bøsseberarar

Herøy treng bøsseberarar til TV-aksjonen som går av stabelen søndag 24. oktober.

aksjonsleiinga: Fylkesleiar Ulla Hay t.v. saman med sentrale aktørar for TV-aksjonen i Herøy: Tanja Sætre Leikanger og Anne-Britt Kvalsvik frå Sparebanken Møre, Britt Paulsen - koordinator, June Pettersen – rodeleiar, Merethe Hjertø Flusund –næringslivansvarleg, Olaug Andreassen – rodeleiar og kartansvarleg, Bjørn Prytz - aksjonsleiar, Linn-Therese Sævik – skule -og barnehageansvarleg, Thomas Teige Sporsheim – marknads- og profileringsansvarleg, Inge Moltumyr og Maria Sævik Espeseth ungdomskoordinatorar. Foto: Arild Sande. 

Nyhende

– Vi har lyst å kome tilbake til normalen med gode bøsseberarar, og vi har eit mål om å dekkje heile kommunen med bøsser. Til det treng vi 150 personar som kvar går med bøsse i om lag ein til to timar, seier Brit Paulsen på vegner av aksjonsgruppa i Herøy.

I år er den tradisjonelle bøsseberar tilbake, i tillegg til alle dei digitale som blei nytta i fjor. Det er Plan Internasjonal som får dei innsamla midlane som skal nyttast i kampen mot barneekteskap – derfor slagordet «Barn – ikkje brud». TV-aksjonen skal i år gi jenter moglegheita til å velje si eiga framtid. Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda.

AKSJONSLEIAR.: Ordførar og aksjonsleiar Bjørn Prytz oppmodar om å bli med som bøsseberar. Foto: Thomas Teige Sporsheim. 

Håpar på betring

I fjor samla Herøy kommune inn 43,55 kroner per innbyggar. Britt Paulsen, som er koordinator for TV-aksjonen og leiar ved frivilligsentralen, håper på betring i år.

Startsskotet for TV-aksjonen søndag 24. oktober er kl. 14.

– Det blir ein fin søndagstur for ei god sak, seier Paulsen, som nyleg hadde besøk av fylkesleiar Ulla Hay.

Paulsen opplyser i ei pressemelding at det blir oppretta Spleis som ein kan nytte seg av på Herøy kommune sine nettsider.

– Meld deg her for å gå med bøsse, oppmodar aksjonskoordinatoren.

Ein kan også kontakte rodeleiarane direkte. Desse er:

Runde: Kaja Runde. Remøy: Marthe Vågsholm Sævik. Leine: Linn Therese Sævik. Bergsøy: Olaug Andreassen og Therese Haugen. Tjørvåg: Guro Kvalsund Aksnes. Frøystad og Røyra: June Pettersen. Bø og Sande: Silje Vågsholm. Myrvåg: Petter Myrvågnes. Leikong og Jøsok: Erling Kleppestrand. Moltustranda: Heidi Tarberg. Kvalsund: Pia Erntsen. Kvalsvik: Ingvill Beate Sævik Bjørneset.

KLARE: Britt Paulsen og Olaug Andreassen er klare for årets TV-aksjon. Foto: Thomas Teige Sporsheim. 

Halvparten blir gifta bort

Midlane skal gå til å arbeide med å forhindre barneekteskap i fem ulike land, tre i Afrika og to i Asia. Til dømes blir meir enn halvparten av alle jenter i Bangladesh gifta bort før dei fyller 18 år. Dette skjer trass lover som forbyr barneekteskap. Tradisjon og kultur trumfar dessverre ofte nasjonale lovar.

Midlane som blir samla inn i TV-aksjonen skal mellom anna:

• Gi jenter relevant yrkesopplæring og opplæring i entreprenørskap

• Støtte ungdomsgrupper og lokale organisasjonar i deira kamp mot barneekteskap

• Drive opplysingkampanjar lokalt for å få ut informasjon om at barneekteskap er forbode.

• Arrangere foreldrekurs i omsorg og ikkje-valdeleg oppdraging

• Trene helsepersonell og lærarar i seksuell og reproduktiv helse.