Ros og pengegåve til motorsportklubben på Nerlandsøya

– Eg synest det er heilt fantastisk med slik støtte frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Det er eit vesentleg bidrag til arbeidet vårt for å få i stand igjen bana.

Pengegåve: Vi ser f.v. Lasse Myrhol og Henning Karlsen frå Sparebank 1 Søre, Sunnmøre, saman med Preben Remøy og Torbjørn Hide i Nerlandsøy Motorsportklubb. Som vi ser i bakgrunnen er bana i dag temmeleg attgrodd.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Det seier Torbjørn Hide i Nerlandsøy Motorsportklubb. Vi møter Hide saman med klubbkollega Preben Remøy og avdelingsbanksjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre si avdeling i Fosnavåg, Henning Karlsen.

For nokre veker sidan vart klubben trekt ut til å vinne 10.000 kroner som første vekevinnar av Drivkraftmidlar, i regi av banken. No har Sparebank 1 Søre Sunnmøre gitt ein støttesum på 50.000 kroner til klubben, – i tillegg.


Fjernar krav om støyvoll på Koparstad

MTU gjev dispensasjon for kravet om støyvoll ved den nye motocrossbana på Koparstad.


– Det er veldig kjekt å kunne overrekke denne gåva til Nerlandsøy Motorsportklubb. Det er ein engasjerande gjeng i klubben som verkeleg ønsker å gi eit tilbod til motorinteresserte barn og unge, seier avdelingsbanksjef Henning Karlsen.

Spleisaksjonen som for tida går føre seg på nett har også fått solid oppslutnad, noko klubben set stor pris på. Denne aksjonen vil gå føre seg endå eit stykke fram i tid.

- Alle bidrag kjem godt med, og vi har i tillegg fått signal frå næringslivet om at fleire kan tenkje seg å støtte oss når vi er klare til å bygge opp att motorsportbana på ytre Koparstad, seier Hide og Remøy.

Organisert og trygt

Dei fortel at tilbodet, når det er oppe og går, vil verte organisert i ordna former og gjennom Norges Motorsportforbund sine retningslinjer, med forsikring og fokus på tilsyn og tryggleik.

– Vi ser føre oss å halde ope eit par kveldar i veka i tillegg til laurdagar. Vi opplever stor interesse mellom jenter og gutar i alle aldrar for å få til eit tilbod her ute, som vil verte det einaste i vår region. Dette er frivillig arbeid, og vi er mange som står bak, seier Hide og Remøy.

Dei opplever også fin oppbakking i bygda og lokalsamfunnet elles for å få bana i stand igjen, slik at ein kan drive med denne aktiviteten i kontrollerte former.

– Dei unge kan få kjennskap til syklane og «race frå seg» på bana. Motocross er ein fin sport som er eit godt alternativ til andre fritidstilbod vi har i regionen, eit tilbod mange også har etterlyst, fortel Hide og Remøy.


Naturvernforbundet klager på motocross-dispensasjon

Naturvernforbundet meiner dispensasjonsvedtaket er ugyldig.