Måtte halde stengt frå mars til juni:

Koronastøtte berga året til Aktiv trening

Over fire millionar kroner i koronastøtte «berga året» for Aktiv trening-konsernet med avdeling mellom anna i Fosnavåg.

AKTIVT: Frå mars til juni var det ingen aktivitet ved Aktiv trening, noko som pregar både salsinntekter, driftsresultat og årsresultat for Aktiv trening.   Foto: Arkivfoto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Nasjonale restriksjonar førte til at alle treningssentera i Norge måtte stenge dørene i mars i fjor og fekk ikkje opne igjen før i juni. For Aktiv trening resulterte stenginga i eit ikkje talfesta inntektstap, men 4,3 millionar kroner i statleg koronastøtte gjorde at driftsresultatet likevel blei positivt med vel ein million kroner.