Helsetopp reagerer på at føretaket vert stempla som "sabotør"

Klinikksjef i Helse Møre og Romsdal, Lars Erik Sjømæling, reagerer på politiske synspunkt i Sande der helseføretaket vert peika ut som «sabotør» når det gjeld forhandlingar om kostnadsnøkkelen rundt ambulanse- og samfunnsbåten.

Lars Erik Sjømæling: Klinikksjef i Helse Møre og Romsdal.   Foto: Kristin Støylen / Helse Møre og Romsdal

Nyhende

– Eg vil streke under at den nye avtalen er lagt opp som ei vidareføring av dagens bruksmønster for ambulansebåten. Då vil det vere naturleg at også kostnadsfordelinga vert vidareført, seier Sjømæling.