Vaksinasjonsgrad Herøy/Sande: – Tala er urovekkande

Fredag gjekk kommuneoverlege i Herøy, Bjørn Martin Aasen ut med ei bekymring rundt vaksinasjonsgraden i aldersgruppa 25–44 år lokalt. I dag ser vi nærare på tala som syner utfordringa Herøy og Sande står i.

Bjørn Martin Aasen: – Samanliknar du tala, så ser ein at vi i Herøy ligg på 87,5 % av alle over 16 år, og i Sande på 85,2 %. Det er høvesvis heile 3,3 og 5,6 prosentpoeng lågare.   Foto: Arkivfoto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Ei vaksinasjonsdekking på om lag 90 % i den vaksne befolkninga er det viktigaste grunnlaget for gjenopninga av samfunnet, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.