Moloplanar og satsing i Sævika ut på offentleg ettersyn

Eit privat planforslag frå B. Tarberg AS, på vegner av grunneigar Axel Bjørklid, for to nye bustadar, to nye fritidsbustader og to nye naust, eitt servicebygg og molo/småbåthamn i Sævikane, blir no sendt ut på offentleg ettersyn.

Axel Bjørklid: Bergensaren synest Herøy verkar som ein bra plass og satse.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/arkiv

Nyhende

Det vedtok formannskapet i Herøy tysdag. Før det blir lagt ut, er det stilt krav til forslagsstillar om at planen skal vise byggegrense som avgrensar byggemoglegheitene i alle retningar (omsluttande grense), og det skal ryddast opp i forholdet mellom byggegrense og tiltaksgrense. Føresegna må også rettast opp dersom byggegrense blir samanfallande med tiltaks- eller formålsgrense.