Jublar over meldinga om at Larsnes-sambandet vert gratis

Ap og Sp er samde om å innføre ei halvering av ferjetakstane på alle landets samband. Dessutan blir ei rekkje mindre ferjestrekningar gratis. Det gir lokal jubel.

Jublar: Ordførar Olav Myklebust (Sp) er mellom dei som seier seg svært nøgd med signala frå den påtroppande regjeringa. Halv pris på ferjer, og gratisferjer mellom anna her på Larsnes-sambandet, er i tråd med lovnader i valkampen som skal realiserast den komande perioden.   Foto: Arkivfoto: Endre Vorren

Nyhende

– Ferjene vert gratis på dei minste ferjesambanda, og dessutan for øysamband utan fastlandssamband, varslar nyvalt stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap).