Varslar straff for ulovleg bruk av nytt hus

Ein huseigar i Gjertnesåsen har fått ein frist på tre veker til å flytte ut av det nye huset sitt.

Illustrasjon: Herøy kommune  Foto: Arkivfoto

Nyhende

På grunn av ein tvist mellom huseigar og husleverandør, er nybygget i Gjertnesåsen teke i bruk før leverandøren har søkt om ferdigattest. Etter initiativ frå leverandøren, har kommunen no teke tak i saka og varsla huseigaren slik: «Det vert med dette varsla om at bruken skal opphøyre innan tre veker. Dersom bruken ikkje opphøyrer innan fristen, vil det bli vurdert om det skal fattast eit pålegg om opphøyr med ny frist for opphøyr».