Musikalsk fryd på Fosnavåg konserthus

– Slepp fire meir enn middels galne ungar inn i godtebutikken og sjå kva som skjer. Då vert det party – og rett mange timar med arrangering for dirigenten.

Her­øy Ja­nit­sjar, med di­ri­gent Odd Fossum i spis­sen, reis­te seg for å bukke til den stå­an­de ap­plau­sen et­ter kon­ser­ten. Pub­li­kum sei­er nep­pe nei takk til flei­re slike show!  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Konferansier Nina Elisabeth Bøe siktar sjølvsagt til dei fire solistane i Fosnavåg konserthus denne laurdagskvelden; Øyvind Granden Berg, Sølvi Nerem Berg, Helga Hatløy Hagen og Trygve Sætre. Då dei vart spurde om dei kunne tenkje seg å arrangere konsert i lag med Herøy Janitsjar og eige band, fekk dei nemleg velje musikk frå øvste hylle. Resultatet vart historieforteljande, kjensleladde låtar frå nokre av verdas mest kjende musikalar, som Les Misérables, Phantom Of The Opera, Blues Brothers, Chess, The Commitments, Oliver Twist, Jesus Christ Superstar og The Greatest Showman.