Fornuftig samarbeid mellom lokale museum

- Ei desentralisert stifting vil avgjort kunne ha livets rett, skriv redaktør Endre Vorren.

Herøy gard.: Herøy Kystmuseum på Herøy Gard er eit av fem lokalmuseeum som no ønskjer å konsolidere seg.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Denne veka vart det kjent at Herøy Kystmuseum er eitt av fem lokalmuseum på Sunnmøre som vil inngå eit forpliktande samarbeid. Det er allereie skipa eit interimsstyre. Målet er å samarbeide for å kunne yte best mogleg tenester for besøkande, kommunar og regionen generelt.


Fem lokalmuseum på Sunnmøre, inkludert Herøy Gard, konsoliderer:

- Ser det som sjølvsagt at fylket ved politikarane og kulturadministrasjonen vil bidra med hjelp og støtte

Interimsstyret for samling av lokalmusea på Sunnmøre er i gang med å utarbeide rammer og regelverk for ei felles museumsoverbygning for drift, økonomi og personalforvaltning.


Noko av det spesielle og interessante er at dei fem musea representerer ulike verdiar og, til saman, det som kan syne eit tverrsnitt av kystkulturen i bygd og by på Sunnmøre.

«Små og ubyråkratiske» er omtalen styret gir av samlinga av dei fem bygdemusea. Her ligg det også ein aldri så liten kritikk av det tidlegare Sunnmøre Museum – no Viti – der det over tid har vore vanskar med samarbeid og der vi fekk fleire utbrytarar tidlegare i år.

Ei desentralisert stifting vil avgjort kunne ha livets rett. Dei fem unike lokalmusea vil ha like stor rett på offentleg støtte og oppbakking som større museumssamlingar.

I Herøy er det registrert lokalpolitisk støtte til planane om ei konsolidering. Grepet kan syne seg å vere eit taktisk og praktisk lurt trekk for å få ein liten og smidig organisasjon som samarbeider om bestemte område når det gjeld vår felles historie. Det vil også vere naturleg at femkant-samarbeidet vert spegla att mellom reiselivstilboda vi har i fylket, til dømes i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre si oversikt over attraksjonar. Det same må sjølvsagt gjelde når det dreier seg om spørsmål om fylkeskommunal medverknad for å få prosessen og drifta på skjener. Det blir interessant og spennande å fylgje denne prosessen vidare.