Får starte reguleringsendring på Jensholmen

JENSHOLMEN: Her på utsida av moloen mot Røyrasundet ønskjer Rita Sævik å bygge utleigehytter i moderne stil.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Rita Sævik ynskjer å bygge fire utleigehytter på moloen ved nordre småbåthamn på Jensholmen. Tiltaket ligg utanfor føremålet i reguleringsplanen og krev difor løyve til reguleringsendring. I samsvar med plan- og bygningslova, gav formannskapet løyve til å starte opp arbeid med ei slik reguleringsendring – i tråd med søknad og planinitiativet frå forslagsstillaren og tilrådinga frå kommunedirektør Trond Arne Aglen. Planarbeidet er i oppstartsfasen, og naturlegvis er her er ein del sjekkpunkt som må avklarast i ein tidleg fase i planarbeidet, heiter det elles i saksdokumenta.