Samanlikna kostnadsdeling med sabotasje mot kommunen

Saka om den nye ambulansebåten, og den moglege funksjonen som samfunns- og pendlarbåt, vekte stor merksemd i Sande formannskap.

Sande formannskap 5. oktober 2021: Eit samla formannskap signaliserte at ein ambulansebåt må kunne kombinerast med ein samfunnsbåt, slik stoda er med «Ambu» i dag. Ein samfunnsbåt som både kan frakte pendlarar og vere i beredskap for fleire funksjonar enn berre akutt helseproblematikk.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Som kjent har det kome inn åtte anbod på jobben, der det dreier seg om ein oppgradert type ambulansebåt som mellom anna skal utstyrast med eigen sjukelugar. Helse Møre og Romsdal vil fordele kostnadane med 60 prosent på seg sjølv og 40 prosent på Sande kommune.