Fullvaksinert var på badeland - testa positivt fredag

Under smittesporing fredag, vart det avdekt at ein fullvaksinert person som var på Sunnmørsbadet same dag, har testa positivt på Covid-19.

Korona: Tre personar i Herøy testa positivt for Covid-19 fredag, Ein av dei har nyleg vore på Sunnmørsbadet. 

Nyhende

Fredag kl. 19.30 melde Herøy kommune at to personar busett i Herøy hadde testa positivt for Covid-19. I samband med regelverket, vart personane sette i isolasjon og smittesporing sett i verk.

Smittesporinga førte til at det vart avdekt eit tredje tilfelle fredag kveld, og det er denne personen som altså er fullvaksinert og som har besøkt Sunnmørsbadet fredag 8. oktober i tidsrommet 17.00 til 19.00. Det positive testsvaret kom om kvelden, etter at vedkomande hadde avslutta besøket i badeanlegget.

- Eg vil oppmode alle som besøkte Sunnmørsbadet i dette tidsrommet om å vere merksame på symptom på luftsvegsinfeksjon, og ta ein test over helga, seier kommuneoverlegen i ei pressemelding.

Det er elles verd å nemne at det kan gå alt frå nokre dagar til opp mot to veker frå ein blir smitta til ein utvklar symptom på Covid-19.

I kommentarfeltet til saka på kommunen si Facebookside minner dei nok ein gong om at fullvaksinerte som er smitta også kan spreie smitte, men vanlegvis i noko mindre grad enn uvaksinerte.

-Difor vert også fullvaksinerte med positiv test sette i isolasjon, nettopp for ikkje å spreie smitten vidare, heiter det frå kommunen.