Får ikkje kjøpe tomt i offentleg friområde

Formannskapet vendar tommel ned til kjøp av ei tomt, til bustadføremål, som er regulert som offentleg friområde på Bergsøya.

For­mann­ska­pet i Her­øy: Lo­kal­po­li­ti­ka­ra­ne vi­kar ik­kje frå re­gu­le­rings­pla­nen. 

Nyhende

Daniel Kopperstad har søkt om å få kjøpe ei kommunal tomt, 29/219, på Bergsøya. Tomta er eit offentleg friområde som ligg i tilknyting til eit eksisterande byggefelt. Herøy formannskap behandla søknaden tysdag. Administrasjonen rådde politikarane til ikkje å opne for sal av ei slik tomt til bustadføremål då det strider imot godkjend reguleringsplan, og at det vil kunne skape presedens i andre saker.